Info og brukarmanual
Kjære alle,
Vi håpar dei aller fleste har fått med seg at vi har gått vekk frå det medlemssystemet vi hadde for registreringa for 2010 (frå Mysoft), og at for 2011 og vidare vil det vere eit nytt system (Vicis) som vil vere gjeldande for FAbU-grupper. Dette er eit system som er utvikla av ein som tidlegare jobba her på FAbU, og som vi veit vil fungere bedre for alle partar. Nokre grupper har alt begynt å prøve det, og med gode tilbakemeldingar. Dessutan er det i bruk av fleire andre organisasjonar med same bakgrunn som oss, og dei har gode erfaringar med det.
Det er vi på FAbU som gir tilgang til korpsledarar og andre som skal registrere medlemmar i Vicis, så de som er korpsledarar (og divisjonssjefar) vil i løpet av dei nærmaste dagane få tilsendt eit passord frå oss på mobilen dykkar, der avsendar er FAbU. Om de har spørsmål, er det fint om de kan sende dei på e-post til meg,Sølvi, - eller til fabu@frelsesarmeen.no, evt. ringe. Eg jobbar 50%, vanlegvis måndag-onsdag.
Link for å logge seg på registreringa ligg på høgre side på Perleportalen under "Medlemsregistrering FAbU", her på FAbU sidene, eller de kan bruke denne adressa: medlem.fabu.no. (OBS, utan www.)
Der loggar de inn med mobilnummer og tilsendt passord. Passordet kan endrast ved første gongs pålogging. Brukarmanual ligg ved her.
Om det er andre i korpset som skal registrere medlemmar, må de sende oss navna på desse og kva for grupper dei skal ha tilgang til for å registrere.
Det er lagt inn grupper på førehand i systemet, basert på dei gruppene som var registrert i Mysoft i 2010. Sjekk at desse stemmer for ditt korps! Om de ikkje har alle desse gruppene aktive, gjer det ingenting. Om de har andre grupper i tillegg, må desse leggast inn.
Alle grupper skal tilhøyre ein kategori for aktivitet, t.d. Babysang, Idrett osv. Om de har grupper som de finn ikkje passar inn under nokon av dei kategoriane som ligg der, gje oss beskjed slik at det kan opprettast nye.
Dei av dykk som allereie har registrert medlemmar for i fjor i Mysoft (via medlemsportalen), må legge inn desse på nytt i Vicis. Vi ber om at de les vedlagte manual nøye, sidan det aller meste er godt forklart der.
Vi har førebels ikkje sett nokon endeleg frist for når medlemmane for i fjor må vere registrert, men vi håpar det skal kunne la seg gjere innan 1. mars. Og vi oppfordrar samstundes om at de fortløpande registrerer gruppeaktiviteten for inneverande år, slik at vi til ein kvar tid kan vere nokonlunde ajour på dette, og ikkje brukar mykje tid i det nye året til etterregistrering.
Vi takkar for den hjelpa de gjer med dette og ønskar alt godt for det vidare arbeidet.











