a123

Julegryta kokte over

Julegryta kokte over
Foto: Henrik Mundal Andreassen

Det formeleg bobla av pengar og gjevarglede i Frelsesarmeen si julegryta på Stord. (sak fra avisa Sunnhordaland)

Skrevet av Henrik Mundal Andreassen (Sunnhordaland)

- Me kom opp i den fantastiske sum av 512.011 kroner. På grunn av dette kan me hjelpa så mange fleire som treng det. Tusen takk til alle som er med og støttar oss, seier korpsleiar Tove Sæhle i Frelsesarmeen Stord.

Julegryta kokte over
Tove Sæhle har god grunn til å smila om dagane. (Foto: Henrik Mundal Andreassen)

I 2012 samla dei inn 482.000 kroner i julegrytene. Fjorårets resultat er over all forventning, skal ein tru kaptein Sæhle.

- Eg hadde sett meg eit mål på 500.000, så dette var over all forventning, seier ho.

Frelsesarmeen vil takka Stord og omland for det gode innsamlingsresultatet, og ikkje minst sine eigne grytevakter for iherdig innsats med å passa på grytene.

- Ei stor takk til alle dei fantastiske grytevaktene våre. Takk for at dykk stiller opp, utan dykk hadde me ikkje klart det, held Tove Sæhle fram.

Julegrytene stod ute frå 1. desember og fram til jul på tre stader: Borggata, Amfisenteret og Heiane Storsenter. Frelsesarmeen har 10-12 faste grytevakter, pluss mange frivillige som trør til ein eller fleire gonger.